Andreas Dyrkjær

Kommuneoverlege og fastlege

Andreas og kona kom til Luster i februar 2021. Han er opphaveleg frå Danmark, og kom hit via Lurøy i Troms. Han er alltid hyggjeleg og blid, er pliktoppfyllande og dyktig. Han er tillsett som ny kommuneoverlege etter Knut Schønberg.

Morten Larsen

Fastlege- spesialist i allmennmedisin

Morten kom til Luster som vikarlege førstegong i 2003. Han er strukturert og løysningsorientert med stor omsorg for sine pasientar. Han arbeider stadig med å forbetre legekontoret vårt.

Sofie Rosager

Fastlege – helsestasjonslege- spesialist i allmennmedisin

Sofie kom til Luster i 2003 med erfaring som barnelege i Danmark. I tillegg til fastlege hos oss, er ho lege på helsestasjonen, og veldig flink med barn. Ho er stødig i faget sitt, og ei kvikk dame som sprer mykje humor på kontoret vårt.

Siri Liestøl Christensen

Fastlege – spesialist i allmennmedisin -tilsynslege på HOS

Ho er ei stødig dame som kjem frå Bø i Telemark. Ho har vore hos oss sidan 2012, og er ein dyktig og erfaren allmennlege. På klingande telemarksdialekt tek ho godt vare pasientane sine. Ho har permisjon til august 2022.

Lars Håkon Sollibakke Mo

Fastlege

Lars Håkon er lærdøl som ar vore tilsett hos oss sidan 2019. Han er ein lun type, som beheld roen i stressa situasjonar. Han er trygg på sin kunnskap og godt likt av både pasientar og kollegaer.

Bård Flattun Lilleeng

Fastlege – spesialist i samfunns- og allmennmedisin

Han har jobba som legevikar og fastlege sidan 2015. Med bakgrunn som nevrokirurg og områdesjef for heimevernet, er han ein kar med presisjon og struktur. Han har permisjon til juni 2023.

Daniel Løvaas

LIS1-lege

Daniel er LIS1-lege (tidlegare kalla turnuslege) hos oss frå 1/3-22 til 1/9-22. Han er ein kvikk og rask kar som er omgjengeleg og trygg.

Linnea Jarmund Halle

Fastlege og tilsynslege på KA

Linnea kom til oss i 2018 som ALIS-lege. Ho har anar frå både Sverige, Norge og Danmark. Ho er tilsynslege ved KA, og har etterkvart etablert brei kunnskap. Ei blid og omgjengeleg dame som tek godt vare på pasientane sine.

Peter Vencken

Vikarlege

Peter har vore vikar ved legekontoret i fleire periodar, førstegong i mars 2018. Han er opphaveleg frå Nederland, med dansk legeutdanning. Han har lang erfaring som allmennlege på Grønland. Han er ein trygg i sitt fag med gode praktiske legekunnskapar.

Lena Bergesen

Fastlege

Lena starta som LIS-lege hos oss i 2020. Ho har vikariert i stillinga til Linna i eit år, men er no ute i morspermisjon. Ho er tilsett som fastlege på lista som Annika vikarierer på.

Sidsel Mondorf

Legevaktvikar

Sidsel er legevakt-vikar frå Danmark og er godt likt av pasientane våre. Ho har vore hos oss jamnleg sidan juni 2017. Ho er ein stødig og flink lege.

Annika Dyrkjær

Vikarlege og tilsynslege ved LOS

Du kan ikkje høyre at Annika er dansk, så godt som ho snakkar norsk. Ho kom saman med Andreas i 2020. Ho er oppriktig interessert i pasientane sine, og vil det beste for dei. Ho er venlegheita sjølv.