Velkommen til Luster Legekontor
Velkommen til oss!
Det kommunale legekontoret ligg i Helsesenteret i sentrum av Gaupne. Her er 10 fastlegar og ein LIS-lege. Desse organiserer legevakta i kommunen. Legekontoret har eit velutstyrt laboratorium, som i tillegg til blodprøvar bl.a. utfører ekg, spirometri, sårskift, 24t-blodtrykk.
Enkel ultralyd blir også utført hos oss.
Me har fokus på deg som pasient, og me strekkjer oss for å hjelpe deg på best mogeleg måte. For oss er det viktig at du føler deg trygg og ivareteken.