Tidlegare var det helsestasjonen som hadde ansvar for reisevaksine.
Denne oppgåva er no overført til legekontoret.

  • Bestill time hjå fastlegen
  • Her blir det gjennomgang av kva vaksine du treng til ditt reisemål
  • Resept blir laga og vaksine kan hentast på apotek
  • Tid for vaksinesetting blir avtalt. Enten same dag eller ved eit seinare tidspunkt
  • Etter vaksinering må ein vente på legekontoret i 20 minutt i tilfelle akutt allergisk reaksjon
  • Informasjon om din vaksinasjonsstatus finn du ved å logge inn på https://www.helsenorge.no/vaksiner/om/