Luster legekontor er eit kommunalt legekontor som held til i sentrum av Gaupne. Det er tilsett totalt 9 legar og 8 medarbeidarar. 4 av legane har spesialitet innan allmennmedisin. Me har ein lærande organisasjon som er aktiv med internundervisning, og har god legestabilitet.
Me set pasienten i sentrum, og yter gode tenester til våre innbyggjarar.
Hyggjelege legar og medarbeidarar gjev nøgde pasientar, og nøgde pasientar gjev arbeidsglede. Det skal følast trygt og godt å kome til oss.