
Kjellrun Øvregard
Sekretær
Kjellrun møter du i skranken, alltid blid og hjelpsam.
Ho organiserer det meste og held kontroll på legar og timar, og er orakelet vårt i stort og smått.

Øygun Kjos
Sekretær
Øygunn sit også i skranken, og hjelper deg på beste måte i alle saker. Med myndig hand styrer ho timane, og tek godt imot alle, både pasientar og nytilsette.

Bjørg Stegegjerdet
Sekretær
Halvparten av dagane i veka er det Bjørg du møter i skranken.
Med sitt blide vesen får du alltid den beste hjelpa du kan få.

Sigrun Sandvik Kalhagen
Bioingeniør
Sigrun er den som har vore lengst ved legekontoret. Ho jobbar to dagar ved laboratoriet og 2 dagar på kontoret.

Mariann Alme
Helsesekretær
Mariann er venlegheita sjølv. Ho jobbar på laboratoriet 3 dagar i veka, og har ein kontordag der ho har ansvar for rekningar og utbetalingar.

Torill Neverdal
Bioingeniør
Torill er bioingeniør med erfaring frå molekylærbiologi i Bergen. Ho har vore her sidan 2016, og jobbar også vakter ved Lærdak sjukehus. Ho er ein veldig erfaren prøvetakar.

Mariann Fuglesteg
Sjukepleiar
Mariann er ein flink sjukepleiar med paramedic-bakgrunn. Ho har no permisjon frå stillinga si.

Anne Helen Natvik
Sjukepleiar
Anne Helen er alltid sprudlande og blid. Ho har stor omsorg for alle, og Sjukepleiar med stor S!

Siv Anne Teigen
Sjukepleiar
Siv Anne kom inn som vikar for Mariann i mars. Ho har glidd godt inn i kollegiet. Det er kjekt å ha ho på laget.