LEGEKONTORET ER STENGT ONSDAG 22.3
Legekontoret er stengt onsdag 22. mars pga data-omlegging.
Ring 116117 ved behov for øyeblikkeleg hjelp.
Sommarvikariat ved legekontoret
Me søkjer etter sommarvikarar både på laboratoriet og i resepsjonen i 6-8 veker.
Dette er ein strålande moglegheit til å få fin praksis i helsefaget. Du vil få god opplæring først.
Kontakt Sigrun S. Kalhagen, tlf 976 47 147 ved spørsmål.
Koronavaksine
Det blir gjeve tilbod om korona-vaksine til innbyggjarar i kommunen over 18 år, samt til alle som manglar dose 1, 2 eller 3, og dei som er tilrådd 4. dose av spesialisthelsetenesta.
Timebestilling på helsenorge.no eller tlf 57 68 56 00
Vaksine mot lungebetennelse
Målgruppa er alle eldre 65+, samt dei med immunsvikt eller kroniske sjukdommar. Slik vaksine bør fornyast kvart 10. år.
Vaksina gjev god beskyttelse mot alvorleg lungebetennelse.
NB! Sjekk din vaksinestatus på HelseNorge, der står det om og evt når du har fått slik vaksine.
Koronatest
Har du bruk for koronatest, kan du få utdelt sjølvtest på legekontoret. Desse er gratis og berekna til dei som har symptom på luftvegsinfeksjon. Dei som ynskjer test av andre grunnar må kjøpe test på apoteket.
Link til brukarrettleiing korona-hurtigtest: https://dianews.roche.com/covid_selvtest.html
Korleis bestille time på legekontoret:
- Gå inn på helsenorge.no
- logg inn med BankID
- velg evt «til Helsenorge-forside»
- velg bestill time (velg evt fastlege)
- gå direkte til timebestilling
- velg kvar du skal ha time
- velg ein grå dato
- velg klokkeslett
- rull ned
- skriv i feltet «Kva gjelder timen?»
- klikk på bestill
Hugs å evt. avbestille time:
- gå tilbake til forside
- rull ned til timeavtalar
- velg timen du vil avbestille, rull lenger ned
- velg avbestill time
- bekreft avbestilling
Alle som kan, blir oppmoda om å bestille på Helsenorge.no. Dersom du ikkje får det til, eller manglar fastlege i Luster, må du ringje legekontoret på til 57685600 (kl 8-14.30).
17/6-21:
Etterregistrering av koronavaksiner tatt utanfor Norge:
Dokumentasjonen kan leverast eller sendast til legekontoret. Den kan ikkje sendast på usikra epost; elekronisk sending må evt gå gjennom helsenorge og fastlege.
Dokumentasjonen må innehalde:
Identifikasjonsnummer, vaksinasjonsdato, vaksine, det bør også inneholde batchnummer, vaksinatør og signatur eller stempel.
Informasjonsside om Koronavirus:
http://luster.custompublish.com/informasjonsside-om-koronaviruset.6293352-525011.html
FHI: https://www.fhi.no/
11/12-20:
Til deg som har diabetes
Norsk diabetessregister for vaksne inneheld diabetesdata på pasientar med diabetes i Noreg. Dataene blir brukt til å forbetre kvaliteten på diabetesbehandlingen i Noreg og til diabetesforskning.
Les meir om diabetesregisteret og kva opplysningar som blir samla inn på https://www.noklus.no/norsk-diabetesregister-for-voksne/ Der finn du også informasjon om korleis du kan reservere deg mot at dine opplysningar blir sendt inn til registeret.
2/4-20:
Video- eller telefonkonsultasjon:
Luster legekontor tilbyr video-konsultasjon eller telefon-konsultasjon.
Dette kan avtalast ved å ringje legekontoret, tlf 57 68 56 00, eller avtalast med fastlegen via e-kontakt.
Konsultasjonen kostar det same som ved vanleg oppmøte.