Tidlegare var det helsestasjonen som hadde ansvar for reisevaksinene.
Denne oppgåva er no overført til legekontoret.
- Bestill time hjå fastlegen
- Her blir det gjennomgang av kva vaksine du treng til ditt reisemål
- Resept blir laga og vaksine kan hentast på apotek
- Tid for vaksinesetting blir avtalt. Enten same dag eller ved eit seinare tidspunkt
- Etter vaksinering må ein vente på legekontoret i 20 minutt i tilfelle akutt allergisk reaksjon
- Informasjon om din vaksinasjonsstatus finn du ved å logge inn på https://www.helsenorge.no/vaksiner/om/