E-konsultasjon

E-konsultasjon er eit skriftleg alternativ til ordinær konsultasjon ved kjent sjukdom. Denne blir honorert med same takst som ved oppmøte hjå fastlegen. Evnt. tilleggsspørsmål og innhenting av supplerande informasjon frå pasienten er inkludert.

Video- eller telefonkonsultasjon

Luster legekontor tilbyr video-konsultasjon eller telefon-konsultasjon.

Dette kan avtalast ved å ringje legekontoret, tlf 57 68 56 00, eller avtalast med fastlegen via e-kontakt. Hos nokre av legane kan det bestillast direkte på helsenorge.

Pris

Alternativ konsultasjon kostar det same som konsultasjon ved fysisk oppmøte på legekontoret.

Dersom ein telefonsamtale varer lenger enn 5 minuttar, eller samtale og medført arbeide tek meir enn 5 min, blir dette taksta som konsultasjon.

Digital kommunikasjon med legekontoret 

Pasientar kan bruke helsenorge.no til digital kommunikasjon med fastlegen sin.
På denne lenken ser du korleis du enkelt kan gjere dette: https://www.helsenorge.no/fastlegen/om/hva-er-e-konsultasjon/

Tenestene du kan nytta, er:

Timebestilling -høve til å bestille time på nett.
E-resept  -fornye resept på faste medisiner.
E-konsultasjon -sjå innlegget over.
Kontakt legekontoret -kan nyttast til enkle spørsmål, som svar på blodprøve, kort info om røntgensvar/epikriser eller du ønskjer at fastlegen ringjer deg tilbake. Denne tenesta er gratis.

NB! Ein må ha fastlege ved Luster legekontor for at dei digitale tenestene skal fungere.

Feil ved nokre av desse tenestene kan rapporterast til ssk@luster.kommune.no