Kikhoste i Luster

Me ser no ein del tilfelle av kikhoste i Luster kommune.

Det er tilrådd at alle vaksne tek oppfriskingsdose av kikhostevaksinen omtrent kvart tiande år. Vaksinen vert gitt i kombinasjon med vaksine mot difteri, stivkrampe og polio. Ein kan bestille time på laboratoriet på legekontoret for å få sett vaksinen.

Du må først sjekke på Helsenorge (Vaksiner) om det er meir enn ti år sidan du fekk vaksinen førre gong.

Kikhoste smittar ved små dråper som vert spreidd til dømes ved hoste eller nysing, særleg i starten av sjukdommen. God hand- og hostehygiene er viktig. Hushaldningar med spedbarn eller andre sårbare personar bør vere forsiktige med å få besøk av personar med symptom frå luftvegane. Det tek oftast 7-10 dagar frå ein er smitta til ein vert sjuk.

Kikhoste startar ofte med uspesifikke forkjølingssymptom. Etter ei veke kjem kraftige hoste, gjerne med brekningar. Feber er mindre vanleg. Pasientar som møter i helsetenesta med kraftig og/eller langvarig hoste, bør verte testa for kikhoste.

Kikhostevaksine inngår i barnevaksinasjonsprogrammet ved 3, 5 og 12 månaders alder og vert også gitt til gravide. Oppfriskingsdose gis i 2. klasse og 10. klasse.

Time til vaksinering kan tingast via Helsenorge.no eller ved å ringje legekontoret. Ta gjerne på ledige klær, feks t-skjorte med vid erme når du kjem til vaksinasjon.

Matpause

Telefonen og resepsjonen vil vere stengt kl 11.30-12.00 pga matpause og feriebemanning.
Ved behov for legevakt ring 116117, eller 113 for akutt hjelp.
Telefontid er altså 08.00-11.30 og 12.00-14.00.

Status legebemanning

Nokre innbyggjarar i Luster vil snart få informasjon frå
HelseNorge om endring av fastlege. Årsaka til dette er permisjonar, stillings-
og funksjonsendringar.

Fleire vil stå på «Liste utan fastlege», dette skuldast midlertidige endringar og alle innbyggjarane har uansett ein fast lege å kontakte.

Endra opningstid for telefon

Tida for telefonar inn til legekontoret blir endra til 08.00-14.00 frå 1. desember.

Vaksine mot lungebetennelse

Målgruppa er alle eldre 65+, samt dei med immunsvikt eller kroniske sjukdommar. Slik vaksine bør fornyast kvart 6. år.
Vaksina gjev god beskyttelse mot alvorleg lungebetennelse.
NB! Sjekk din vaksinestatus på HelseNorge, der står det om og evt når du har fått slik vaksine.

Ungdom, 16-18 år?

For at ungdomen din skal ha moglegheit til å kommunisere med fastlegen sin digitalt, må du som føresatt godkjenne dette på di side i HelseNorge. Dette er ein fordel fordi din kommunikasjon med legen hamnar i din journal, også om du stiller spørsmål på undomen sine veger.
Du må endre personverninnstillingane på di side. Det kan gjerast på følgjande måte:
– Logg inn med BankID på HelseNorge
– velg Meny
– velg Tjenester
– rull ned på sida
– gjer endringar på Personverninnstillinger

Korleis bestille time på legekontoret:

  • Gå inn på helsenorge.no
  • logg inn med BankID
  • velg evt «til Helsenorge-forside»
  • velg bestill time (velg evt fastlege)
  • velg kvar du skal ha time
  • velg ein utheva dato
  • velg klokkeslett
  • rull ned
  • velg gå vidare
  • skriv i feltet «Kva gjelder timen?»
  • klikk på send bestilling
Hugs å evt. avbestille time:
  • gå tilbake til forside
  • rull ned til timeavtalar
  • velg timen du vil avbestille, rull lenger ned
  • velg avbestill time
  • bekreft avbestilling

Alle som kan, blir oppmoda om å bestille på Helsenorge.no. Dersom du ikkje får det til, eller manglar fastlege i Luster, må du ringje legekontoret på til 57685600 (kl 8-14.30).

FHI: https://www.fhi.no/

Link til brukarrettleiing korona-hurtigtest:  https://dianews.roche.com/covid_selvtest.html

Til deg som har diabetes

Norsk diabetessregister for vaksne inneheld diabetesdata på pasientar med diabetes i Noreg. Dataene blir brukt til å forbetre kvaliteten på diabetesbehandlingen i Noreg og til diabetesforskning.
Les meir om diabetesregisteret og kva opplysningar som blir samla inn på https://www.noklus.no/norsk-diabetesregister-for-voksne/ Der finn du også informasjon om korleis du kan reservere deg mot at dine opplysningar blir sendt inn til registeret.

Video- eller telefonkonsultasjon:

Luster legekontor tilbyr video-konsultasjon eller telefon-konsultasjon.
Dette kan avtalast ved å ringje legekontoret, tlf 57 68 56 00, eller avtalast med fastlegen via e-kontakt.
Konsultasjonen kostar det same som ved vanleg oppmøte.